bymuseet i bergen skoletjeneste | trinn

Hordamuseet

I historieundervisinga i 5.-7. skal elevane mellom anna lære om samfunnsutviklinga frå vikingtida (yngre jernalder) og ut dansketida (fram til 1814).

Hordamuseet har eit eige opplegg for vikingtida, som er ein del av arkeologiundervisinga vår.

Hovedtemaet til Hordamuseet er livet på landsbygda i eldre tid. Her fins bygningar og gjenstandar frå distriktet kring Bergen frå slutten av mellomalderen og frametter.  

Vi kan òg hjelpe til med ulike former prosjektarbeid.

 

Vikingtida: Elevane får lære om livet i vikingtida gjennom praktiske aktivitetar, med utgangspunkt i handverk og kvardagsliv. Vi har dessutan eit godt utbygd lager av rekvisittar, drakter, våpen og utstyr, til å prøve og ta og føle på. Sjølv om dei fleste fortidsminna på museumsområdet er frå eldre jernalder kan dei òg nyttast som innfallsvinkel til samfunnsorganisasjon, religion, militærvesen mm. i vikingtida.

Tidsbruk: ca 2 1/2 time. Kontakt museumspedagog Espen Kutschera for nærare avtale, espen.kutschera@bymuseet.no, tlf. 47 97 95 93.

Dansketida: Dei eldste husa på Hordamuseet gjev eit godt utgangspunkt for å forstå byggeskikk og levetilhøve på landsbygda i perioden vi gjerne kaller Dansketida, særleg frå 1600-talet og frametter. I husa og den faste utstillinga har vi eit godt utval representative gjenstandar. Vi tilbyr dessutan praktiske kvardagsaktivitetar som er med på å illustrere levetilhøva, t.d. baking av flatbrød, tekstilproduksjon og andre former for gards- og husarbeid mm.

Tidsbruk etter avtale, opp mot 2 1/2 time. Kontakt museumspedagog Espen Kutschera for nærare avtale, espen.kutschera@bymuseet.no, tlf. 55112907 / 91808378.

 

Del dette med andre: