bymuseet i bergen på nett | fiskarbonden

Fiskarbonden

www.fiskarbonden.no kan du få bli betre kjend med fiskarbonden, husa, arbeidet og reiskapane på garden. God tur!

 

Fiskarbonden var ikkje ein person men ein måte å leva på langs den lange kysten vår. Mat og inntekt vart i hovudsak henta frå fiske og frå jordbruket. Ved å hausta både frå sjø og land vart det lettare å klare seg enn om ein berre skulle utnytta ein av delane. Å bu fast på ein gard men å halda fram med å jakta og sanka av det naturen gav trur vi går langt attende i forhistoria, like til bak til den tida då menneska tok til å dyrka jorda her i Noreg og vart buande fast på ein plass.
 

Fiskarbonden sitt liv var styrt av årstidene. Om våren og sommaren var det arbeidet med jorda og dyra som var den viktigaste. Åkrane vart spadde opp etter å ha lege ubrukte sidan hausten. Husdyrgjødsel måtte spreiast over åkrane. Gjerder måtte ordnast. Ut på sommaren vart graset slått første gong. Graset måtte tørkast og fraktast heim i løa som fòr til dyra gjennom vinteren. Om hausten måtte kornet i hus saman med grønsaker. Dyr skulle slaktast og maten for vinteren skulle sikrast.
 

Dei lyse vår og sommarkveldane kunne utnyttast til heimefiske ikkje langt frå garden eller brislingfiske inne i fjordane, men det var haust og vinter som var viktigaste tida for fiske. Då venta torsken og silda på dei ute i sjøen. Familien på fiskarbondegarden samarbeidde, men hadde og sine faste arbeidsoppgåver. Kvinner og jenter hadde ofte hovudansvaret for garden, medan mannfolk og gutar kunne vere vekke i vekevis på fiske.
 

Jentene og gutane hjelpte til med arbeidet på garden frå dei var små. Dei fekk laga arbeidsreiskap til seg som passa til kor stor dei var, men litt fritid til å leika vart det alltid likevel.


 

Del dette med andre:
Bilde til: Foto: Regin HjertholmFoto: Regin Hjertholm

Gå inn på nettsida her.

Fiskarbonden.no er eit samarbeidsprosjekt mellom Hordamuseet/Bymuseet i Bergen, Arkikon, ABM-utvikling og Kulturnett.no.