BRYGGENS MUSEUM

Etternamn i ekteskap

FOREDRAG
Norske lover og praksisar mellom 1923 og 2023 ved Line Førre Grønstad.

Då Anna Sivle og Anton Antun gifta seg i 1918 i Bergen kalla dei seg Antun. Bruken av namnet åt mannen vart lovfesta fem år seinare, i 1923. 100 år etter, har dei kvinnelege etterkommarane til Anna og Anton kvar sine etternamn. Alle er fått frå ein ektemann eller ein far, og ingen heiter Sivle.

Dette foredraget handlar om korleis namnelovene gjorde visse namnepraksisar vanlege for alle, og om motstanden som trass alt var der, frå 1923 og fram til den nyaste namnelova som kom i 2003.

Line Grønstad er fagleg leiar for Skeivt arkiv. Ho har ein doktorgrad i kulturvitskap, og har skrive om etternamnsval i norske, heterofile par, med særleg vekt på mennene.

Grønstad er opptatt av kjønn, seksualitet, namneval og samtidsdokumentasjon, og av måtane forståinga av fortida påverkar notida.

Hjertelig velkommen!

Foredragets varighet er mellom 45 – 60 minutter og holdes i auditorium med 160 plasser utstyrt med teleslynge. God tilgjengelighet for rullestol.

Det tas forbehold om endringer i programmet.

Billetter kan kjøpes på bymuseet.no eller i resepsjonen på Bryggens Museum.