BRYGGENS MUSEUM

Mandagsforedrag

FOREDRAG
Mediedesign på høgfjellet. NRKs radioarkiv i lokasjonsbasert digital kulturarvsformidling ved Rebecca Nedregotten Strand.

Hjertelig velkommen til mandagsforedrag 14. november kl.12 i auditoriet på Bryggens Museum.

Denne mandagen møter vi Rebecca Nedregotten Strand med foredraget «Mediedesign på høgfjellet. NRKs radioarkiv i lokasjonsbasert digital kulturarvsformidling.»

Kva skjuler seg i omgjevnadane våre, og korleis kan vi få hjelp til å avdekke desse fantastiske historiene?

Tanks, helikopter og eksplosivar. Gruvetårn, slagghaugar og bulldosarar. Hjerkinn på Dovrefjell var militært skytefelt i nesten 100 år. Her var det også omfattande gruvedrift frå 1968 til 1993. Etter Noregshistorias største naturrestaureringsprosjekt, er alle spor vekke. Området er verna som nasjonalpark.

Men fortida skal ikkje viskast vekk. Den må vi ta med oss, lære av og formidle vidare til framtidige generasjonar. Korleis kan vi gjere det?

Med doktorgradsprosjektet «Mediedesign på høgfjellet. NRKs radioarkiv i lokasjonsbasert digital kulturarvsformidling.» undersøker Rebecca Nedregotten Strand korleis ein kan avdekke og formidle fortidas skjulte landskap ved hjelp av arkivmateriale og moderne mobilteknologi. Kan desse grepa bidra til å revitalisere arkiva og bevare sårbar kultur og natur?

Denne typen nyskapande teknologi kan styrke formidlinga også ved museum og andre kulturarvsinstitusjonar; Gje publikum opplevingar og kunnskap om samlingar, hus og områder utan behov for omfattande ressursar.

Rebecca Nedregotten Strand er PhD-kandidat ved Institutt for Journalistikk på Høgskulen i Volda. Har vore programskapar og journalist i 12 år i NRK, er utdanna kulturminneforvaltar og jobbar med formidling av kulturhistorie og verneområde.

Hjertelig velkommen!

Foredrag holdes i auditorium med 160 plasser utstyr med teleslynge.  Det tas forbehold om endringer i programmet.

Billetter kan kjøpes på bymuseet.no eller i resepsjonen på Bryggens Museum.