BRYGGENS MUSEUM

Mandagsforedrag

FOREDRAG
Mur, far og dotter - Ei bok om tørrmuring ved Kjersti og Håkon Aase.

Hjertelig velkommen til mandagsforedrag 21. november kl.12 i auditoriet på Bryggens Museum.

Denne mandagen møter vi Kjersti og Håkon Aase med foredraget «Mur, far og dotter – Ei bok om tørrmuring.»

«På Litlebergen i Vestland bur Haakon Aase, Noregs kanskje fremste tørrmurar. I Oslo sit dotter hans og kjenner på eit ansvar for å ta vare på arven etter faren.»

Kjersti Aase Winjum har skrive bok om tradisjonshandverket tørrmuring, om det å mure med stein. Boka fortel om korleis det gjekk då ho skulle lære dette handverket av far sin, tørrmuraren Haakon Aase. I foredraget fortel ho om bokprosjektet og motivasjon bak. I tillegg grev far og dotter litt i nokre av samtaleemna frå byggeplassen, emne som spenner frå handlingsbåren kunnskapsoverføring, materialnytting og berekraft, tørrmur og stablemur, handemakt og maskinkraft, og tørrmuringsfaget og det manuelle arbeidet si framtid.

Boka er utgjeven av Skald forlag i oktober i år. Boka er tilgjengeleg på nett via https://skald.no og i bokhandlarar, og vil å få kjøpt etter foredraget.

Haakon Aase, fødd 1949, er tørrmurar og tradisjonsberar. Gjennom tørrmuringsfirmaet sitt, kurs og seminar, foredrag og tallause oppdateringar på sosiale medium, har han gjeve fleire hundretals personar innsikt i tørrmuringsverda.

Kjersti Aase Winjum, fødd 1979, er arkitekt og debuterte i oktober 2022 med boka Mur, far og dotter – Ei bok om tørrmuring. I boka skildrar ho korleis det var å mure ein støttemur saman med far sin, og ansvaret ho kjenner for å ta vare på og vise fram handverksarven hans.

Hjertelig velkommen!

Foredrag holdes i auditorium med 160 plasser utstyr med teleslynge.  Det tas forbehold om endringer i programmet.

Billetter kan kjøpes på bymuseet.no eller i resepsjonen på Bryggens Museum.