HåKONSHALLEN

Krigens fargar, levande historier frå hemnaksjonen på Telavåg

FOREDRAG

Velkommen til Fortellinger fra Festningen!

Ei gripande førestilling og innlevande bok-presentasjon av Vivian Midttveit

Telavåg, det vesle fiskeværet fire mil vest for Bergen, var ein ynda stad for den illegale englandsfarten under andre verdskrig. I 1942 fekk tyskarane nyss i kva som gjekk føre seg der ute, og under ei ransaking i eit hus der to norske agentar oppheldt seg, vart to tyske offiserar drepne i ei skotveksling. Som hemn skulle bygda utslettast, alt vart jamna med jorda. Heile folket vart kollektivt tatt til fange og straffa, alle familiar skilde. Mange av menneska mista livet, absolutt alle mista det livet dei kjende.

Det Telavågsfolket vart utsett for, vert definert som noko so sjeldan som statsterrorisme, men kvifor er ikkje denne historia meir kjent?

Forfattar, Vivian Midttveit er sjølv frå Telavåg, ho undra seg over kvifor ho ikkje hadde vore meir engasjert i den dramatiske historia då ho vaks opp. Ho landa på at den at den personlege historieforteljinga nærast hadde vore fråverande. Blant anna hadde dei tre besteforeldra hennar vore levande brikker i dramaet, men mesta ikkje fortalt henne noko.
Men so hugsa ho ei enkel lita historie farmora faktisk hadde fortalt, om den dagen dei arresterte alle mennene i Telavåg, og ein soldat kom inn på kjøkenet hennar for å arrestere mannen, men i staden sank ned på kjøkenstolen hennar og gret. Ho tok synd om han.
I denne boka har ho samla fleire slike små, private augneblink, fokets eigne historier. Dei har ho skrive dei ut som levande scenar, og på ein nær og berørande måte vert dette stykket med viktig lokal og nasjonal historie skildra på ein heilt ny måte.

Det er svært sjeldan at krigshistorie er skrive og formidla av kvinner, og det sit heile historia i eit nytt lys.

Sjølv om historia om hemnaksjonen på Telavåg er unik, er ikkje bodskapa i historiene det. Dei er allmenne. Dei treffer noko allment menneskeleg og strekker seg difor langt utover dei som har interesse for krigen generelt eller krigshendingane i Telavåg spesielt.

Boka har fått særs god mottaking, og framsyninga, der forfattaren både fortel sjølve historia, les frå boka og snakkar litt om prosessen bak ho, vert beskriven som særs sterk.

Musikere fra Sjøforsvarets musikkorps innleder foredragene.

Gratis adgang.

Hjertelig velkommen!

Fortellinger fra Festningen er et samarbeid mellom Bergenhus Kommandantskap, Bymuseet i Bergen og Sjøforsvarets musikkorps.

Koengen er åpen for parkering fra 18.30 – 20.30