BRYGGENS MUSEUM

At korrespondere med en sort kjole

FOREDRAG
Historia om Bolette C. Pavels Larsen ved Jan Olav Gatland.

Bolette C. Pavels Larsen (1847–1904) var Noregs første kvinnelege litterære allrounder. På slutten av 1800-talet var Bolette ei av Nordens mest kjende litteraturkritikarar, truleg verdas første kvinnelege hovudkritikar i ei dagsavis, i Bergens Tidende i nesten 25 år. På denne tida var det sjeldan at ei kvinne hadde slik ei framståande journalistisk stilling.

Bolette var eit fenomen for si tid, eit litterært renessansemenneske. I tillegg til å vere bokmeldar og journalist var ho forfattar, omsettar, brevskrivar, opplesar og målkvinne og aktiv i Vestmannalaget.

Ho var bestevenn med Knut Hamsun som skreiv rundt 100 brev til Bolette og mannen. Etter ei kort brevveksling blei han nysgjerrig på korleis ho såg ut og bad om å få tilsendt eit bilde av henne: ”Jeg har aldri set Magen, jeg har den Forestilling, at De har en sort Kjole med Perler paa. Og derfor kunde det være saa morsomt at faa se noget mer af Dem. For det er ikke det Spor hyggeligt at korrespondere med en sort Kjole.»

Jan Olav Gatland er forfattar og tidlegare førstebibliotekar ved Universitetsbiblioteket i Bergen. Han har arbeidd som kritikar, omsetjar, redaktør og har skrive fleire bøker m.a. om Åsmund Sveen, Ola Raknes, Lars Berg, Mons Litleré og om romantiske vennskap.

Hjertelig velkommen!

Foredragets varighet er mellom 45 – 60 minutter og holdes i auditorium med 160 plasser utstyrt med teleslynge. God tilgjengelighet for rullestol.

Det tas forbehold om endringer i programmet.

Billetter kan kjøpes på bymuseet.no eller i resepsjonen på Bryggens Museum.