BRYGGENS MUSEUM

Fredrik Arentz forsvinning – Bergensaren som forsvann i Jotunheimen, men opna fjellets gleder for mange ved Inge Kjell Holme

FOREDRAG

Velkommen til mandagsforedrag!

I 1914 forsvann bergenslegen Fredrik Arentz sporlaust i Jotunheimen, 70 år gammal.

Arentz, som var av Holbergslekt, vart fødd i Bergen i 1844. Han utmerkte seg tidleg som ein flittig skribent i årbøkene til DNT, der han skildra nye turruter både i Jotunheimen og på Hardangervidda.

Paradoksalt nok fekk forsvinninga til den eksentriske legen seinare stor positiv betyding for DNT og for utviklinga av turmoglegheitene i fjellet. Magasinet Fri Flyt kåra han til ein av topp 10 «verstingane» i norsk fjellvandring ved tusenårsskiftet.

I føredraget om bergensaren som forsvann sporlaust, fortel Inge Kjell Holme den unike historia om Arentz og korleis livet og lagnaden hans fekk stor positiv betyding for friluftslivet. Det handlar òg om kjærleiken og respekten borna hans hadde for faren, og om naturglede og naturvern.

Inge Kjell Holme har arbeidd som journalist i nærare 50 år. Han har ei rekkje naturproduksjonar bak seg for NRK TV og Radio.

Hjertelig velkommen!

Foredrag holdes i auditorium med 160 plasser, utstyrt med teleslynge. God tilgjengelighet for rullestol.
Varighet 45 – 60 minutter.
Det tas forbehold om endringer i programmet.

Museumsbutikk og kafè.

Billetter kan kjøpes på bymuseet.no eller i resepsjonen på Bryggens Museum.