BRYGGENS MUSEUM

Heltane i mine naturreiser ved Inge Kjell Holme

FOREDRAG
Velkommen til mandagsforedrag!

100 år med vern av Vettisfossen i Årdal.

Ulike miljø i Bergen var aktivistar då Nord-Europas høgste fossefall Vettisfossen i Årdal vart verna i 1924. Deriblant ei overraskande kronerulling i Bergen. Vernet var ein milepæl i norsk naturvern.

Den spektakulære fossen med eit fritt fall på 275 meter og var det første fossefallet som vart verna i Norge. Vettisfossen er eit ynda tur – og fotoobjekt for fotturistar på veg inn og ut av Jotunheimen gjennom Utladalen. Sentralt plassert på rutenettet til DNT er den også besøkt av tusenvis av naturglade frå Bergensområdet opp gjennom åra.

Mindre kjendt er at vernet av den spektakulære fossen. For 100 år sidan kom som resultat av aktivisme frå ulike naturvernmiljø i Bergen. Også Hardanger stod sentralt i debatten då fossen vart verna som den første i Norge i 1924.

Journalist Inge Kjell Holme fortel den spennande historia om vernet i det visuelle foredraget , som også inneheld bilete av isklatring i fossen.

Inge Kjell Holme har arbeidd som journalist i nær 50 år. Han har ei rekkje naturproduksjonar for NRK TV og radio bak seg.  Han er også ei kjend røyst som fotballkommentator for NRK og Discovery.

Hjertelig velkommen!

Foredrag holdes i auditorium med 160 plasser, utstyrt med teleslynge. God tilgjengelighet for rullestol.
Varighet 45 – 60 minutter.
Det tas forbehold om endringer i programmet.

Museumsbutikk og kafè.

Billetter kan kjøpes på bymuseet.no eller i resepsjonen på Bryggens Museum.