Bergenskeramikken – Eit keramikkmiljø blir til ved Anne Britt Ylvisåker

16. November

MANDAGSFOREDRAG

Soga om verkstadskeramikken i Bergen er kort og intens, full av dramatikk og eigenart.

Soga om verkstadskeramikken i Bergen er kort og intens, full av dramatikk og eigenart.

Andre verdskrig er over, og fire unge menneske dreg til København for å bli keramikarar. Slik startar soga om bergenskeramikken, for nettopp desse fire blir dei første som etablerer seg med eigne verkstader i Bergen.

Foredraget handlar om opprettinga og utviklinga av eit særeige keramikkmiljø i byen, om samspel og friksjonar mellom driftige enkeltpersonar og sentrale nettverk, og om ein bergenskeramikk som etter kvart vinn innpass i dei fremste fagmiljøa både nasjonalt og internasjonalt.

Om foredragsholderen:

Anne Britt Ylvisåker er kunsthistorikar og hadde i 2025 arbeidd i nærare tretti år som førstekonservator ved Kode med fagansvar for tekstil, glas og keramikk generelt og samtidskunsthandverk spesielt. Ho er forfattaren bak boka Bergenskeramikken, som kom ut ved årsskiftet 2025/26.


Ler mer om Mandagsforedraget på Bymuseet og se hele programmet her.

Foredrag holdes i auditorium med 160 plasser, utstyrt med teleslynge. God tilgjengelighet for rullestol.