BRYGGENS MUSEUM

Mandagsforedrag

FOREDRAG
Island ved Ottar Fyllingsnes.

Velkommen til foredrag mandag 12. september kl 12 i auditoriet på Bryggens Museum

Mange meiner at Noreg er det vakraste landet i verda – hadde det ikkje vore for Island. Frå nådelaus natur når dei kvite vinterstormane står på som verst, til den milde våren der lupinane dekkjer landet som ein blå brann. Island er høgt elska for det ville og vakre landskapet med sine store sletter, varme kjelder og eksotiske vulkanar som tek pusten av oss.

Gjennom levande reiseskildringar og interessante menneskemøte gir Ottar Fyllingsnes eit fascinerande og varmt portrett av Island og islendingen. Saman med dei slåande fotografia til Harald Hognerud har han skrevet boka Island, ein komplett kulturhistorisk vegvisar til eventyrøya.

Ottar Fyllingsnes (f. 1951) er frå Eikangervåg i Lindås i Nordhordland og er utdanna journalist ved Høgskulen i Volda. Han har arbeidd ved Nynorsk Pressekontor samt i lokalavisene Strilen og Agder. Fyllingsnes har sidan byrjinga av 1990-talet vore kulturjournalist i vekeavisa Dag og Tid.

Hjertelig velkommen!

Foredrag holdes i auditorium med 160 plasser utstyr med teleslynge.  Det tas forbehold om endringer i programmet.

Billetter kan kjøpes på bymuseet.no eller i resepsjonen på Bryggens Museum.