BRYGGENS MUSEUM

Harastølen. Heimen for dei utstøytte

FOREDRAG
Velkommen til mandagsforedraget Harastølen. Heimen for dei utstøytte

Hjertelig velkommen til høstens aller første mandagsforedrag 28. august kl.12 på Bryggens Museum.

Frilansjournalist Oddrun Midtbø presenterer i dette foredraget sin nye bok: Harastølen. Heimen for dei utstøytte.

Kvifor vart eit enormt sjukehus bygt på ei fjellhylle lengst inne i Sognefjorden? Kven var det som kjempa for å koma hit, og kven vart sende hit utan å bli spurd? Kva er dei sterke banda mellom Bergen og Harastølen?

Det heile starta i 1902. Fyrst kom dei tuberkuløse. Deretter kom to båtlaster frå Bergen med «galningar» som måtte ha ein ny stad å bu då Rosenbergs asyl vart rive. 30 år etter kom flyktningane frå Bosnia-Hercegovina.

Staden er spekka med lagnader, dramatikk, død og kjærleik. Historier som er i ferd med å bli gløymde. Denne boka har fanga nokre av dei. Etter mange tiår med forfall er det håp om at folk på nytt kan sjekka inn. På Harastølen Hotell.

Oddrun Midtbø (f.1964) har arbeidd som journalist i over 40 år. Ho er frå Luster og har vakse opp med Harastølen. 17. august 2023 vart boka om Harastølen lansert på eige forlag.
Foredrag holdes i auditorium med 160 plasser, utstyrt med teleslynge. God tilgjengelighet for rullestol. Varighet 45 – 60 minutter.t tas forbehold om endringer i programmet.

Billetter kan kjøpes på bymuseet.no eller i resepsjonen på Bryggens Museum.