BRYGGENS MUSEUM

Kong Magnus og erkebiskop Jon – To høvdingar med kvar sitt sverd ved Anna Elisa Tryti

FOREDRAG
Velkommen til mandagsforedrag!

Året er 1274. To av riket sine mektigaste høvdingar, kong Magnus Lagabøte og erkebiskop Jon Raude, har forhandla til det siste om kva som skal skrivast om kyrkje og kristendom. Utan å verte einige. Kva står striden om, kva skjer i åra fram til kong Magnus dør i 1280 – og i etterkant?

Tilhøvet mellom kongemakt og kyrkjemakt i Landslova følger den såkalla tosverdslæra, som har sitt utgangspunkt på slutten av 400-talet. Styringsmakta er gjeven frå Gud til to ombudsmenn, konge og biskop. Desse to skal på Guds vegner saman ha ansvar og styringsrett for kvar sine deler av samfunnet, det verdslege og det andelege. Dette er teorien, men korleis vert skiljet mellom kongedømet og kyrkja si makt forstått – og korleis går det i praksis?

Anna Elisa Tryti, mellomalderhistorikar, med kyrkje og religion som viktigaste forskningsinteresse. Tryti er prosjektdirektør i Vestland fylkeskommune og leiar for Landslovjubileet i Vestland.

Hjertelig velkommen!

Foredrag holdes i auditorium med 160 plasser, utstyrt med teleslynge. God tilgjengelighet for rullestol. Varighet 45 – 60 minutter. Det tas forbehold om endringer i programmet.

Museumsbutikk og kafè.

Billetter kan kjøpes på bymuseet.no eller i resepsjonen på Bryggens Museum.