BRYGGENS MUSEUM

Kongens palatium. Kongsgården på Holmen, Bergen, anno 1274 ved Alf Tore Hommedal

FOREDRAG
Velkommen til mandagsforedrag!

Vi markerer i år at det er 750 år sidan Noreg fekk ei sams lov for heile landet – ei Landslov. Lovarbeidet skjedde for det meste i Bergen og då truleg i kongsgarden på Holmen, altså dagens Bergenhus.

Kva veit vi om kongsgardsanlegget på dei tider då lovarbeidet gjekk føre seg og Landslova vart presentert?

Det er i samband med lov-jubileumsåret 2024 eit stort fokus på kong Magnus Håkonsson (1263 – 1280) som lovbøtaren – han som reparerte lovene – Magnus Lagabøte. I 1260-åra bygde Magnus vidare på faren, kong Håkon Håkonsson, sitt lovrevisjonsarbeid og kong Magnus kunne i 1270-åra presentera ei rekkje med reviderte og nye lover, der Landslova var den første.

Føredraget presenterer den parallelle utviklinga innafor eit anna kongeleg satsingsområde: den arkitektoniske utbygginga og omforminga av kongsgardane, her eksemplifisert med den viktigaste, kongsgarden i Bergen. Dette kongens palatium –«palass» – vart mellom ca. 1240 og 1320 omforma frå eit monumentalanlegg i tre til eitt i stein. I føredraget blir det diskutert korleis anlegget utvikla seg under kong Magnus Lagabøte.

Alf Tore Hommedal (f. 1956) er mellomalderarkeolog og tilsett ved Universitetsmuseet, UiB. Han forskar mellom anna på sakral og profan bygningskultur i mellomalderen og på levd liv i bygningane. I dei siste åra har han arbeida ein del med dei norske kongsgardane på 12- og 1300-talet.

Dette foredraget er en del av programmet til Landslovjubileet i Vestland og du kan lese mer om det her: https://www.vestlandfylke.no/landslovjubileet/

Hjertelig velkommen!

Foredrag holdes i auditorium med 160 plasser, utstyrt med teleslynge. God tilgjengelighet for rullestol.
Varighet 45 – 60 minutter.
Det tas forbehold om endringer i programmet.

Museumsbutikk og kafè.

Billetter kan kjøpes på bymuseet.no eller i resepsjonen på Bryggens Museum.