BRYGGENS MUSEUM

Segner i Nordhordland ved Kjersti Isdal

FOREDRAG
Velkommen til mandagsforedrag!

Segner frå Nordhordland tek oss med til den magiske verda til forfedrane våre. Trua på vetta var ein del av kvardagsliv og høgtid, og frykta for dei gav rammer for arbeids­oppgåvene gjennom året.

Folketrua er full av mytiske vette og magiske råd for å verne seg mot desse. Spora etter magien finst i gamle bygningar, i skikkar og folkekunst. I segnene lever usynlege vesen livet sitt parallelt med menneska. Dei går under namn som julereia, huldrefolk og tussar. Sjølv om ein ikkje såg dei, visste ein at dei var der: Spor, lydar og teikn var tydelege bevis.

Kunnskap om korleis ein kunne verje seg, stod høgt, for ein måtte spele på lag med vetta. No er det få att som hugsar denne kunnskapen, eller kan fortelje om det. Men han finst, nedskriven i memorat og segner, godt gøymd i «hemmelege» arkiv. Spora etter magien finst gøymde i gamle bygningar, på gjenstandar, i skikkar og arbeidsmåtar, i kulturarven vår. Kva tyder teikna, og kva løyndommar skjuler seg her?

Boka Segner frå Nordhordland er ei samling med segner frå Vestlandet med kjerne i Nordhordland. Her er eit breitt galleri av mytiske vette, og ein god porsjon kulturhistorisk magi for å verne seg mot desse. Boka er rikt illustrert.

Kjersti Isdal (f. 1972) er illustratør og grafisk designar, utdanna ved kunsthøgskulen i Bergen. Ho er også utdanna landskapsforvaltar frå Høgskulen i Sogn og Fjordane. Isdal har tidlegare illustrert bøkene Segner frå Sogn (2004) og Soga om Håkon den Gode (2001). I Segner frå Nordhordland bidreg ho og som forfattar.

Hjertelig velkommen!

Foredrag holdes i auditorium med 160 plasser, utstyrt med teleslynge. God tilgjengelighet for rullestol.
Varighet 45 – 60 minutter.
Det tas forbehold om endringer i programmet.

Museumsbutikk og kafè.

Billetter kan kjøpes på bymuseet.no eller i resepsjonen på Bryggens Museum.