Landslovjubileet

Kan ein lage ei svær utstilling om berre ei bok? Svaret er ja! Bymuseet, Universitetet i Bergen og Vestland fylkeskommune har gått saman om å lage ei storslått utstilling om kong Magnus Lagabøte si landslov på Bryggens Museum.

I 1274 la kong Magnus VI Håkonsson fram Landslova, eit eins lovverk for heile riket, som skulle komme til å gjelde i over 400 år! Landslova var ein milepåle på vegen mot ei stabil og velfungerande sentralisert statsmakt – eit døme på at pennen faktisk kan vere mektigare enn sverdet. For arbeidet med å betre lovene fekk kong Magnus det vel fortente tilnamnet Lagabøte.

Landslova 750 år

Jubileumsutstillinga vert det største tiltaket i 750-årsfeiringa av Landslova i Vestland og Bergen. Utstillinga tek for seg både innhaldet i Landslova og samheldet ho var utvikla for og fungerte i, bakgrunnen for lovskapingsarbeidet, miljøet som stod bak, utviklinga fram til ho gjekk ut av bruk i 1687, og mykje meir. Vi trekkjer også liner både ut i verda og fram mot i dag.  

I tillegg til eit spennande eksemplar av Landslova, syner utstillinga fram ei mengd mellomalderdokument, arkeologiske funn og kulturhistoriske skattar. Dette er utstillinga vi vil ha «alle» til å sjå, både bergensarar, vestlendingar og tilreisande frå inn- og utland, store som små. Vi vonar dette vert ei utstilling som vil lyse litt opp i den såkalla mørke mellomalderen. 

Her kan du sjå Landslova i utstillinga: Ms.4° 1 Magnus Lagabøters landslov, Gulatingsversjonen, innlånt frå Nasjonalbiblioteket. Foto: Nasjonalbiblioteket:

Landsloven

Biletet til venstre over er frå lovboka Codex Hardenbergianus frå 1300-talet. Manuskriptet finst i Det kongelege danske bibliotek i København.

Illustrasjonen øvst til venstre syner Magnus Lagabøter som gir lova til ein lagmann. Teksten er prologen til Landslova. Biletet er frå lovboka Codex Hardenbergianus frå 1300-talet.

Manuskriptet finst i Det kongelege danske bibliotek i København. Foto: Prolog til Landslova frå Codex Hardenbergianus Ad Fontes / Det kongelege danske bibliotek.

Landslova bolk for bolk 

Landslova er delt inn i ni bolkar med ulike tema, i tillegg til ein prolog og epilog. Utstillinga følgjer den same strukturen. Utstillinga sitt verkelege startpunkt er makt- og kyrkjesenteret og kunnskapsmiljøet på Holmen, før ein går vidare inn i lova og det norske landskapet og samheldet i Landslova si tid. I utstillinga skal ein nesten få ei kjensle av å trå inn i sjølve Landslova, og vandre mellom sirleg handskrift og vakre bokmåleri frå mellomalderen.

Langsetter vegen er det montre med ei mengd originaldokument og gjenstandar, kjelder til forståing av både lova og livet i mellomalderen. I tillegg kjem lyd- og biletmedia, som skal vere med på å setje stemninga. Vi vonar at publikum både skal føle seg litt høgtidsstemte og på same tid kjenne på den grå kvardagen, og kan hende få eit nytt syn på mellomalderen.  

Landslova i utstillinga 

I dag er det kjent 41 bevarte manuskript som inneheld Landslova. Publikum får sjølvsagt høve til å sjå eit av desse i utstillinga.  

Hovudobjektet vårt er eit landslovsmanuskript med det unnselege namnet NB Ms. 1, innlånt frå Nasjonalbiblioteket i Oslo. Namnet skjemmer ingen, heiter det, og det stemmer godt her. Dette er mellom dei eldste landslovsmanuskripta som finst att i dag, frå byrjinga av 1300-talet, og inneheld versjonen som var meint for Gulating.

Sjølv om det ikkje er mellom dei mest prangande, er det likevel staseleg, med kunstferdige, malte bokstavar som markerer starten på bolkar og avsnitt. Dette er eit brukseksemplar, som har vore nytta i fleire hundreår, med notat og kommentarar hist og her. Dette er dessutan det einaste lovmanuskriptet frå mellomalderen som aldri har forlate Noreg.  

I den andre enden av skalaen er dei prestisjefulle, rikt dekorerte manuskripta Codex Hardenbergianus og Codex Lund 15, begge produserte i Bergen. Diverre får vi ikkje vist desse praktverka hos oss i denne omgangen, men du kan sjå dei på Nasjonalbiblioteket i Oslo, som også har ei utstilling i høve Landslovsjubileet. Sjølv om vi ikkje får dei til Bergen no, set dei likevel sitt preg på utstillinga på Bryggens Museum, der sider med vakre bokmåleri og skrift frå desse bøkene vert ein viktig del av både form og innhald. Dessutan skal vi ha skjermar med digitale versjonar som publikum kan bla i.  

Du kan sjølv digitalt bla i boka på sidane til Nasjonalbiblioteket

Kva kan du elles sjå?  

I utstillinga er det rikhaldig med dokument og gjenstandar, dei fleste frå samlingane til Universitetsbiblioteket og Universitetsmuseet, men også noko frå Bymuseet og nokre få innlån frå andre institusjonar.  

Her er ei mengd diplom, dvs. juridiske dokument som viser korleis lova vart nytta i praksis, kunngjeringar og vitnemål knytt til eigedomstilhøve, arv, transaksjonar, lovbrot, tvistar mm. Somme av diploma har framleis påhefta vokssegl frå avsendarar eller vitne, til dømes embetsmenn, kyrkjelege institusjonar, geistlege eller andre viktige personar. Dessutan har vi fleire bøker og fragment av manuskript. 

Landslova er i seg sjølv ei viktig kjelde til livet i mellomalderen, ikkje minst slik kongen og rådgjevarane hans tenkte seg det burde vere. Arkeologiske funn og andre kulturhistoriske gjenstandar er spor etter levd liv, og eit viktig supplement til dei skriftlege kjeldene. Akkurat som bolkane i lovboka og diploma, er dei knytt til ulike område av livet og samheldet, og fortel til dømes om arbeid og livsgrunnlag, kvardagsliv og fest, forsvar, handel og økonomi, religion, brotsverk og straff. 

Altarfrontalen frå Nedstryn i Nordfjord. Signet og rekonstruert vogssegl.

Av spesielle godbitar kan vi nemne alterfrontalen frå Nedstryn, som opphaveleg kan ha stått i Apostelkyrkja på Holmen, som kong Magnus let oppføre. Vi har til og med gjenstandar som kan koplast direkte til kong Magnus, som delar av det originale høgsetet i Håkonshallen. Dessutan vakre småting, som seglstampen til fransiskanarklosteret i Bergen, der kong Magnus vart gravlagd i klosterkyrkja, som i dag er domkyrkja i Bergen. 

Altarfrontalen frå Nedstryn i Nordfjord, som er frå byrjinga av 1300-talet, er eit sant meisterverk! Om det ikkje var for den norrøne teksten kunne ein lett trudd han var innført frå utlandet. I Bergen har det heilt sikkert vore eit miljø for å lage slik praktfull kyrkjekunst, knytt til kongsgarden og kyrkjene på Holmen. Det er spekulert i om altarfrontalen opphavleg kan ha stått i ein av kyrkjene her, og at han vart flytta til Nordfjord etter at desse vart rivne ned kring 1530. Motivet, som har mykje til felles med bokmåleri frå same tid, syner scener frå perserkongen sitt tjuveri av Den sanne krossen (Kristi kross) frå Jerusalem på 600-talet. Her finst mellom anna detaljerte framstillingar av stridsutrusting og våpen. Foto: Adnan Icagic, Universitetsmuseet i Bergen.

Krim og brotsverk 

Som kontrast har vi kvardagsgjenstandar knytt til folk flest, som lova trass alt handla om: jordbruksreiskapar, knivar, våpen med meir. Somme tider aner vi at Landslova ikkje vart følgt etter bokstaven. Trass i at lova seier «Det er kjent for dei fleste at det er forbode å bere dolkar», er det til dømes funne mange slike våpenknivar rundt om i landet.

Drap, skader og trugsmål med kniv var tydeleg eit stort problem, den gongen som no. Vi kan også by på ein kriminalsak, eit brotsverk som ikkje vart avslørt før kring 700 år etter. I Kalfarlien vart det i 1910 funne kring 1800 falske myntar frå slutten av 1200-talet. Falskmynteri var eit av få brotsverk som var ubotamål, det vil seie at lovbrytaren vart dømd fredlaus, utan å kunne gjere opp for seg med bøter. Slik kunne vi fortsett, men noko skal vi spare til utstillinga også. 

Skrivekunst og bokkultur 

Dette er ei utstilling om eit bokverk, fylt med bøker og dokument, med skrift og bokillustrasjonar i formuttrykket. Mellomalderen var ei tid då skrivekunsten stod høgt i kurs, og bøker var verdfulle gjenstandar. Fram til slutten av mellomalderen var alle bøker handskrivne på pergament laga av dyreskinn, somme av dei vakkert dekorerte. Sjølvsagt tek også utstillinga for seg skrifta og bokmåleria, bokbinding, framstilling av pergament til diplom og bøker, segl med meir.

Vi har også ein del flotte gjenstandskopiar laga av dyktige handverkarar, slik at vi til dømes får vist fram korleis våpen såg ut den gongen dei var nye, og det vil vere ting knytt til aktivitetar i samband med utstillinga som besøkande kan ta og føle på. 

Kva skjer i tilknyting til utstillinga?  

Utstillinga har offisiell opning for inviterte gjestar tysdag 21. mai, og fyrste vanlege opningsdag er onsdag 22. mai. Utstillinga skal stå heilt fram til 22. april neste år. I mellomtida skal vi ha mykje aktivitet.  

Helga etter opninga, 25. og 26. mai, slår vi til med eit stort program med liv og røre både i og utanfor Bryggens Museum. Detaljar i programmet må vi komme attende til i eit eige oppslag, men vi lovar både underhalding, mellomalderinspirerte opptrinn, aktivitetar, handverksdemonstrasjonar, føredrag, spesialomvisingar og mykje meir. Vi skal også ha fleire dagar og helger med familieomvisingar, aktivitetar, føredrag og liknande i løpet av utstillingsperioden. Det vert også tilbod om spesialomvisingar for grupper.   

I tillegg til det som skjer på Bryggens Museum, skjer det mykje elles i Vestland og i byrommet, som vil vere eit supplement til utstillinga.  

Skule- og ferieprogram  

Frå hausten av vil vi invitere skulane til fleire ulike undervisingsopplegg. Dette vil bli kunngjort både på jubileumssida og på Bymuseet sin nettstad i løpet av våren. Skuletilbodet vert utvikla i samarbeid med Høgskulen på Vestlandet. Vi vil også ha opplegg for dei som ikkje kan vitje sjølve utstillinga, til dømes på grunn av store avstandar.  

Vi har også planar om aktivitetar i skuleferiane, på sommaren før fellesferien, i haustferien og vinterferien. 

Bergen?

Det er stor stas å kunne markere Landslova med ei utstilling i nettopp Bergen. Sjølv om Landslova gjaldt for heile riket, og først og fremst handlar om livet på landsbygda, spelte likevel Bergen ei særskilt rolle som sentrum for lovskapingsarbeidet. På denne tida var Bergen den største byen, ikkje berre i riket, men i heile Norden, og kongen og hoffet var meir her enn i dei andre byane til saman.  

Det var på kongsgarden på Holmen, som i dag heiter Bergenhus festning, det ambisiøse og revolusjonerande lovverket vart klekt ut og nedteikna av kong Magnus og rådgjevarane hans. På Holmen låg også bispegarden, domkyrkja og fleire andre kyrkjer og kyrkjelege institusjonar. Eit makt-, kyrkje- og kunnskapssenter utan samanlikning i landet.   

Bryggens Museum, der utstillinga skal vere, ligg berre eit steinkast frå Håkonshallen og Rosenkrantztårnet, majestetiske kulturminne som visseleg stod i sentrum for hendingane for 750 år sidan! På Bryggens Museum finn ein til vanleg den store, faste utstillinga «Under jorden», som handlar om mellomalderarkeologien i Bergen og på Vestlandet. Utstillinga om Landslova, som også er ei anna viktig kjelde til livet og samheldet i mellomalderen, passar særs godt inn i tematikken på museet. 

Blir digitalt tilgjengeleg 

Ei viktig målsetjing ved utstillinga er også å bidra til å styrke interessa for mellomalderen, og å fremje samarbeidet mellom institusjonar og miljø som forskar på og formidlar mellomalderen. I løpet av 2024 vil utstillinga også verte digitalt tilgjengeleg for dei som ikkje har høve til å sjå utstillinga i Bergen, og for at alt arbeidet som er lagt ned skal få varig liv. Utstillinga har fått støtte frå Kulturdepartementet, Vestland fylkeskommune og Bergen kommune.  

Under jorden utstilling på Bryggens Museum

Sjå også utstillinga Under jorden

Bryggens Museum er eit utstillingsvindauge for mellomalderarkeologien i Bergen og på Vestlandet. I den faste utstillinga «Under jorden», som opna i 2020, kan du sjå bygningsrestar og gjenstandar frå utgravingane på Bryggen, i tillegg til andre viktige mellomalderfunn frå regionen. Bryggens Museum er drifta av Bymuseet i Bergen, medan gjenstandane i utstillinga tilhøyrer Universitetsmuseet i Bergen. Bryggens Museum er også Bymuseet sin viktigaste arena for mellombels kulturhistoriske utstillingar i Bergen.

Les meir om Landslovjubileet på Vestland Fylkeskommune