BRYGGENS MUSEUM

Det birgittinske Munkelivspsalteret: Eit handskrift frå mellomalderens Bergen ved Åslaug Ommundsen

FOREDRAG
Velkommen til mandagsforedrag!

18. september kl 12 i Auditioriet på Bryggens Museum.

Det birgittinske Munkelivspsalteret: Eit handskrift frå mellomalderens Bergen ved Åslaug Ommundsen

Ei av dei finaste mellomalderbøkene frå Noreg blei ført i pennen av ei nonne på Munkeliv kloster i Bergen på 1400-talet. På siste side gjev Birgitta Sigfusdotter oss namnet sitt, og let oss vite at ho både skreiv og illustrerte handskriftet sjølv. Boka er på latin og inneheld Davidssalmane frå Bibelen. Teksten er altså kjent, men boka er ei viktig kjelde likevel, til både klosterliv og bokhistorie. Boka er i dag oppbevart i Praha, men for 60 år sidan fekk Bergen sin eigen kopi, no oppbevart på Universitetsbiblioteket. Kva for historier kan dette handskriftet fortelje oss?

Føredraget er ved Åslaug Ommundsen, professor i mellomalderlatin ved Universitetet i Bergen. Ho har i ei årrekke forska på handskriftskulturen i mellomalderen, med spesielt fokus på dei mange overleverte fragmenta frå latinske mellomalderbøker i norske samlingar.

Hjertelig velkommen!

Foredrag holdes i auditorium med 160 plasser, utstyrt med teleslynge. God tilgjengelighet for rullestol. Varighet 45 – 60 minutter. Det tas forbehold om endringer i programmet.

Museumsbutikk og kafè.

Billetter kan kjøpes på bymuseet.no eller i resepsjonen på Bryggens Museum.