Deprecated: Optional parameter $item_cost declared before required parameter $quantity is implicitly treated as a required parameter in /home/bymuseet/domains/bymuseet.no/public_html/wp-content/plugins/woocommerce-cost-of-goods/class-wc-cog.php on line 401
Seid-seansen i Soga om Eirik Raude. Ein rekonstruksjon ved Eldar Heide - Bymuseet
BRYGGENS MUSEUM

Seid-seansen i Soga om Eirik Raude. Ein rekonstruksjon ved Eldar Heide

FOREDRAG
Velkommen til mandagsforedrag!

25. september kl 12 i auditoriet på Bryggens Museum.

Seid-seansen i Soga om Eirik Raude. Ein rekonstruksjon ved Eldar Heide

Dette føredraget er ein kommentert rekonstruksjon av seid-seansen i Soga om Eirik Raude, som  er den fyldigaste skildringa vi har av den norrøne trolldomsforma seid. Målet med seid var oftast å dra til seg ressursar, men ofte var det å få kjennskap til framtida. Slik er det i Eirikssoga: Ei tilkalla volve fortel korleis livberginga blir det komande året, og spår livet til kvar av dei frammøtte. Ho har på seg ei spesiell drakt og får ei ung kvinne til å synge ein viss song som lokkar til seg åndene som gjev kunnskapen om framtida. Songen blir kalla varðlok(k)ur. I handa har ho ein metallstav som kan ha vore ein rituell spinnereiskap.

Volvedrakta, songen og metallstaven blir rekonstruerte til føredraget, med økonomisk støtte frå HVL. Rekonstruksjonen baserer seg på ei tolking sett fram av Eldar Heide i doktoravhandlinga hans. Opplysningane vi har om seid blir presenterte i føredraget, saman med denne og andre tolkingar av kva seid gjekk ut på.

Eldar Heide: Professor i norsk ved Høgskulen på Vestlandet. Doktor i norrøn filologi ved Universitetet i Bergen 2006. Heide har forska breitt innanfor eldre nordisk kulturhistorie og nordisk språk og driv podkasten Tru og meining i gammal tid, https://pod.link/1635409693.

Hjertelig velkommen!

Foredrag holdes i auditorium med 160 plasser, utstyrt med teleslynge. God tilgjengelighet for rullestol. Varighet 45 – 60 minutter. Det tas forbehold om endringer i programmet.

Museumsbutikk og kafè.

Billetter kan kjøpes på bymuseet.no eller i resepsjonen på Bryggens Museum.