BRYGGENS MUSEUM

Mandagsforedrag

OMVISNING
Fragment frå mellomalderbøker i norske samlingar ved Synnøve Midtbø Myking.

Hjertelig velkommen til foredrag mandag 24. oktober kl. 12 på Bryggens Museum.

I mellomalderen fanst det tusenvis av handskrivne bøker i Noreg, men dei fleste har gått tapt utan spor. Berre eit fåtal handskrift har overlevd i intakt tilstand, og av desse er berre kring 15 på latin. Til gjengjeld har me fragment frå mange fleire handskrift enn dette, spreidde blant norske bibliotek og arkiv. Den største samlinga finn me i Riksarkivet, der forskarar har identifisert fragment frå ca. 1200 bøker på latin og ca. 100 bøker på norrønt. Fragmenta vart hovudsakleg nytta som innbindingsmateriale på 15- og 1600-talet.

I foredraget får me smakebitar av det store mangfaldet som fragmentsamlingane representerer. Me møter handskrift som spenner frå det kvardagslege til det forseggjorde, me undersøkjer fragment frå bøker skrivne i England, Frankrike og Italia, og me fylgjer sporet av ein skrivarverkstad i Bergen tidleg på 1200-talet.

Synnøve Midtbø Myking (f. 1985) er postdoktor i mellomalderfilologi ved Universitetet i Bergen. Ho har skrive doktoravhandling om fragment frå franskproduserte bøker i Riksarkivet, og arbeider for tida med eit prosjekt om kontakten mellom Noreg, Danmark og Flandern i mellomalderen.

Hjertelig velkommen!

Foredrag holdes i auditorium med 160 plasser utstyr med teleslynge.  Det tas forbehold om endringer i programmet.

Billetter kan kjøpes på bymuseet.no eller i resepsjonen på Bryggens Museum.